Då er det berre å ta turskoa på og koma seg ut! Her er det milevis med turløyper. Vi har take mål av oss å gå heile MacLehose Trail som går frå aust til vest i HK totalt 100 km. Vi har alt take nokre km her og der på turane vi har gått tidlegare. Denne laurdagen vart det buss til Tai Po Road på litt under ein halvtime og så gikk vi heim - ikkje langs gater og høghus, men gjennom skog, langs vatn og over toppar med strålande utsikt.
Turen går fyrst langs kanten av Kowloon Reservoires som vart bygd i 1920-åra for å skaffe vatn til ei stadig aukande befolkning. Her møter vi flokkevis av Rhesus Macaques, apekattane som nesten vart utrydda frå Hong Kong tidlegare på 1900-talet på grunn av jakt og avskoging. Dei vi ser no, er innført av folk som meiner at dei høyrer til her. Det er strengt forbudt å mate dei (HK$ 10 000 i bot!) og det kan tilogmed vera farleg, for det har hendt at menneske er blitt angripne. Dei vi ser, er mest opptekne av kvarandre og av søppelkassene som blir endevendt og tømt utover på jakt etter noko etande.
Vi går «Section 6» av MacLehose Trail. Det er den kortaste strekningen av heile løypa, men vi må også gå deler av «Section 7» - som vi har gått før - pluss bakkane ned for å koma oss heilt heim. Desse bakkane tek oss ein time å gå oppover, men det går raskare ned!
Bratte bakkar fører oss over til Shin Mun Reservoir. Her i Kam Shan Country Park på heile 337 hektar er landskapet mykje endra av menneske. Ned mot Shin Mun reservoaret, langs "The Smugglers Ridge" passerer vi viktige WWII-ruiner. «Gin Drinker’s Lane» var ei rekke grøfter, «pillboxes» og bunkersar som strekkjer seg over heile New Territories. Eit massivt festningsverk bygt under jorda var sentralt for denne linja. Inngangen til desse forsvarsverka har alle skilt med «forbudt område».
Når vi klatrar opp stigningen til Needle Hill får vi flott utsikt over Shing Mun Reservoaret. Dammane til desse reservoara er imponerande ingeniørkunst. Men det høyrer med til historia at mange hakka-landsbyar var neddemde og befolkningen flytta til New Territories utan anledning til å drive med jordbruk lengre. Vi skimtar også firefeltsvegen der åsane møtes i ei kløft. Denne vegen er bygd i tunnel gjennom desse åsane for å lette trafikken mellom bydelane i HK.
Vel oppe på Needle Hill kan vi sjå heim og har nesten berre nedovebakkar att. Vi er i midten av november, men veret er enno varmt og vi er glade vi har med oss nok vatn! Veret er mykje klårarae no enn sist vi var på denne toppen og det blir fotografering før vi tek fatt på nedstiginga. Her får knea kjørt seg! Vel heime kvitterer vi for 15 km og over 20 000 skritt! og du verden så mykje opp og ned!
Og no er vi klare for nye menneske, nye inntrykk - ei ny arbeidsveke på Tao Fong Shan.