Kva skal vi så gjera her? Det har John alt skrive litt om. Vi bestemte oss for at vi båe skriv i same bloggen. Vi har engelsktalande slekt og venner som vil fylgja med og så kan de tospråklege velja kven de vil fylgja elles blir det mykje dobbelt opp er eg redd - sjølv om vi har forskjellig innfallsvinkel til det meste!
I går hadde vi eit spennande møte med Jeff, som er Spiritual Director og Joseph, ekteskap og familie-rådgiver. Eg har alt lova å halde ei økt med «Walking meditation» for ei gruppe med studentar Jeff har uti november. Elles diskuterte vi fleire mulegheiter til retreat og workshops om Meister Eckehart, Dag Hammarskiöld, introduksjon i zen-meditasjon, medavhengigheit for pårørande til rusavhengige (ja Borgny!!) og bruk av poesi i retreat og workshops. John vart utfordra til å tenke på workshops - kanskje annankvar månad om litteratur og spiritualitet. Eg måtte virkeleg klype meg i armen for å sjå om det berre var ein draum - her får vi utfordringar som vi aldri ville fått heime - vi er medrekna att - sjølv om vi er pensjonistar! Og alle vi møter er genuint interessert i oss og det vi har å bidra med.
Kvar fredag skal vi ha veiledningssamtale med John LeMond som har vore misjonær her i 23 år. Han jobbar med «Bridge and dialog» eit dialogprogram mellom alle religionar som er representert her i HK - og det er ikkje få. Han blir pensjonist om eit år og skal då attende til Florida.
Ved sida av dette arbeidet skal vi vera co-vertar for gjester som bur på gjestehuset her, Pilgrims Hall, spesielt internasjonale besøkjande. Det var i den anledning vi hadde omvisning for ei gruppe danske lærarar på dagsbesøk i forrige veke. Og vi hadde stor glede av besøk av Ulla Käll, gitarist og retreatleder, og Anna Braw, fiolinist. Dei var med på Morning Prayer her i kyrkja og ei gudsteneste for lærarar og studentar oppe på LTS kl 10.00. Resten av dagen viste vi dei rundt på TFS - og inne i Hong Kong - godt hjelpt av Heidi og Steffen. Dei er eit ungt, dansk ektepar som bestyrer Ascencion House, eit sjølvstendig lite gjestehus på området for backpackerar (ungdom). Dei har vore her i to månader og har greidd å gjera seg ganske godt kjende i området. Dette nyt vi godt av no!
Ulla og Anna var her berre to netter og ein heil dag, men vi rakk utruleg mykje på den korte tida - tilogmed ein tur opp på Victoria Peak for å sjå utover heile Hong Kong og lys-showet ved Victoria Harbour som går kvar kveld kl. 20.00. Opp til Victoria Peak tok vi ein trikk eit stykke oppover som kan liknast med Fløybanen, men traseen var endå brattare og vognene sto loddrett på skinnene! Scary!
Turen gjennom Nan Lian Garden og opp til Chi Lin Nunnery var også ei stor oppleving. Ei oase av grønt med trafikkmaskiner og høghus rundt omkring i skarp kontrast. Sjølve Buddhist-klosteret er som klyppt ut av ei eventyrbok med pagodeliknande brune bygningar, bonzai-tre og lotusdammar der feite karper svamde omkring. Dette er også Hong Kong.
Her oppe på fjellet har vi mykje meditasjon og stillheit. Tre gonger om dagen samlast vi til tidebønner med enkel liturgi og Taizé-songar. Det er også ein del av våre oppgaver å vera med og leie desse.