I Hong Kong er alle religionar tilstades - og dei fleste er tildels svært synlege. Byggeskikken på alle templa skil seg kraftig ut frå glas, stål og betong elles i byen.
SIK SIK YUEN WONG TAI SIN - TEMPLET er bygd i 1973 og er eit av «must see» når ein er i Hong Kong - ikkje minst på grunn av alle paviljongar, dammar, fontener, bruer, tre og busker. Inne i paviljongane er det forgylte statuer av diverse guddommar. Framfor opningane står det folk i kø og tenner røykjelsespinnar og legg frå seg frisk frukt. På ein open plass ligg det fleire rader av kneleputer der folk i alla aldrar kneler medan dei ristar på boksar med mange trepinnar oppi. Etter kvar dett det pinnar ut av boksane. Desse tek dei med til «fortune tellers» som sit i sine småe nisjer i rad og rekke - i to etasjer og fortel dei kva det betyr at nettopp desse pinnane har falle ut. Då vi var der sat det ei gammal kvinne på ei av desse kneleputene. Ho såg heilt fortvila ut, utan pinnar men ho bevega leppene som om ho bad. Tru om ho får svar? Å ta bilete her går ikkje an, eg står berre litt diskret på sida og undrar meg. Nokon kjøper store posar med «pengar» som dei kastar oppi ein forbrenningsovn eller tenner røykjelsespinnar så tjukke som sigarar - eller enorme «myggspiralar».
Lengst inne i hagen er det ein «ønskebrønn».
Lengselen etter ein gud som kan trøyste og hjelpe er i høgaste grad tilstades her som overalt elles i verda. Tilbedinga tek mange former. Vi er glade for å tilhøyra ein dialog-misjon som møter alle med respekt og opne sinn.
Det opnar ofte for spørsmål som ikkje er like enkle å besvara. Eg er glad for at mi tru held for meg - så får teologane ta seg av dogmatikken og apologetikken. Men det er likevel utfordrande og spennande å vera med på samtalene og tankespranga inn i sfærer som elles ligg lysår frå oss vanlege kyrkjegjengarar i Valdres.
DEN DANSKE SJØMANNSKYRKJA er litt meir diskret der ho ligg midt ute på kontainerhamna, under store trafikkmaskiner. Murhuset er måla i ei frisk blåfarge og oppe på huset står «Mariner’s Club». Ja dei deler hus med fleire. I øverste etasje finn vi kyrkjerommet. Presten kjem inn med full mundur - den svarte samarien med kvit pipekrage. Assistenten hans, som også er prest og har deltidsteneste i ei kyrkje inne i Kina, les inngangsbøna. Ho møter opp i skikkeleg korte hotpants. Ingen skal klage på breidda i den danske kyrkja!
Enkel liturgi og god musikk til salmane - og god og tankevekkande preike! - og så er det dansk frokost!!! Gjett om vi kosar oss! Her er ribbe og surkål (ikkje poteter!), leverpostei, bacon og eggerøre, sild, rugbrød, ost og pannekake med sirup! Midt på bordet står boksar med Knights øl - og ei flaske med Aalborg akevitt som har vore ein tur innom frysaren skal ein dømme etter rimet utanpå. Danskane nektar seg ingenting.
Vi et og kosar oss og møter mange spennande og fine folk. Den nytilsette presten i den svenske kyrkja er her også. Han har ikkje kome igang med sine tenester enno fordi arbeidsløyvet hans let vente på seg. Etter messa blir det arrangert ein felles «hiking»-tur i «bymarka».
Men vi skal attende til «vår eigen» gudsteneste på TFS og rekk berre ein tur oppover verdens lengste utandørs rulletropp og ein espresso på ein tysk pub på turen nedatt.