Kina feira 65-årsdag den 1. oktober. Det var ikkje mykje vi merka til det bortsett frå då vi slo på TV om kvelden. På nyheitene fekk vi sjå frå flaggheisinga der alle notabilitetane hadde møtt opp. Rett nok med demonstrantane frå ”Occupy Central” som sto med ryggen til og kryssa armar framfor ansikta – og la ein kraftig dempar på feiringa. Og resten av kvelden vart nyttårskonserten frå Wien sendt – non stop – tilogmed utan reklamepausar! Eit flott alternativ til heller dårleg TV-underhalding elles på dei engelskspråklege kanalane.
Vi drog til Sai Kung med bussen om morgonen. Det var det fleire som hadde bestemt seg for, så det var lang kø då den toetasjes bussen kjørte fram. Men vi vart alle med – og vi fekk sitjeplassar. 40 min seinare var vi i den tidlegare vesle fiskarlandsbyen – som no er ein stor og travel forstad til Hong Kong.
Men fiskarane var framleis på plass. Det var ganske høgt frå dei små båtane til kaikanten, men dei lyfta varene opp med lange håvar og sende samstundes opp ei veske til betalinga.
Sjømatrestaurantane låg tett i tett med store akvarium utanfor der du kunne peike på den fisken du ville ha til lunsj, så kom kelnarane med ein håv og tok dei opp. Men eg hadde bestemt meg for å prøve ut den restauranten Lonely Planet anbefalte. Den hadde også skaffa seg ei Michelin-stjerne. Øystein og John var ikkje så overbeviste om valget, men dei lot seg imponere då eg ved hjelp av Google-map fann fram til restauranten «Loaf on» i ei bakgate.
Her vart vi geleida opp i tredje etasje. Eg som hadde gløymt å ta med meg ekstra klæ,r måtte ty til badehandkledet for ikkje å fryse fast til stolen. (Det er stor overgang å koma inn i 20 grader når du kjem frå 35 grader ute.) Ikkje så elegant i ein fin restaurant, men eg vart ikkje jaga utatt. Og både maten og servicen var upåklageleg. Hit må vi attende.
Men så var det badinga. Inga badestrand i sikte. Men Lonely Planet svikta ikkje og etter ein drosjetur til Hebe Haven fann vi ein liten «sampa» - med bestemor sjølv ved roret! Ho tok oss med ut til Trio Beach på ei lita øy rett utanfor. Som alle andres stader på ein helligdag/fridag var det her og fullt av filippinske jenter/damer som arbeider som domestic helpers og må ut av huset på fridagane sine. På slike plassar tyr dei saman, et sin medbrakte, enkle mat, snakkar, ler, dansar og gløymer kor traurigt livet er. Dei har ei løn på HK$ 4200 (ca 3500 NOK). Dei fekk nettopp ei lønsauke på HK$ 100, og våga seg til ein liten demonstrasjon utanfor Central metrostasjon. Men det hjelpte svært lite.
Vi finn oss ein plass i skuggen mellom damene og får oss ein etterlengta dukkert. Det var ikkje så veldig forfriskande sidan temperaturen i vatnet sikkert var 30 grader og vatnet ganske grumsete. Men det var greitt å få seg ein svemjetur.
Innover att i 2. etasje på bussen undrar eg meg over kor mangfaldig og spennande denne vesle pletten på jorda er, som hyser 7 mill menneske, men har friareal og grønne lommer, høge fjelltoppar og kilometervis med turvegar, sandstrender og pik nik-områder i tillegg til så mykje stål, glas og betong.