Forrige fredag var vi på utflukt saman med resten av staben. Vi nesten fylte ein turbuss og drog ut til Tai-O, ein liten fiskarlandsby delvis bygd på pålar ute på Lantau Island. Det er den største øya som høyrer til HK. Tai-O ligg på vestkysten er ein gamal Hakka-landsby. All guiding var på kantonesisk, men det var spennande å gå rundt i dei trange gatene og sjå korleis dei tørka fisk, tok ut svømmeblærene som dei bles opp, turka og selde til svimlande summar!! 23 000 HK$ (ca. 17 000 Nok!) Eg såg ingen som kjøpte det! Vi fekk vera med og»vaske» plommen frå gåseegg og legge dei til tørk på eit lag av salt. Der låg dei i eit døgns tid til dei var heilt tørre. Desse «helste vi på» att då vi et moon-cakes på Mid-autumn Festival. Desse tørka plommene var baka inn i ein mandelmasse som fylte kakene.
Elles såg vi Kwan Tai Temple frå 1500-talet bygt til ære for ein krigsgud.
På ein lokal restaurant åt vi den typiske dim-sum-lunsjen som vi har fått fleire gonger allereie. Vi sit rundt runde bord der fleire rettar blir sett midtb på bordet og vi fprsyner oss med det vi har lyst på - med pinnar vel å merke - og kollegene våre lesste nedpå til oss viss dei var redde for at vi kvidde oss for å bruke pinnane! Bratt læringskurve, men eg syns sjølv eg meistrar det ganske godt etterkvart. Her på Tai-O fekk vi spesialitetane frå denne regionen - altså masse tørrfisk i forskjellige fasongar - og nyyyydelege reker!
Så var det båttur for å sjå kvite delfinar, men dei hadde bestemt seg for å utebli denne dagen. Vi vart sett i land litt utanfor sjølve landsbyen for å sjå ein gamal politistasjon som var bygd opp til eit lite luksushotell med døgnprisar som tilogmed fekk oss nordmenn til å bleikne. (Det billegaste rommet var ei gamal glattcelle!)
På bussturen tilbake vart det trekning på forskjellige ting arrangementskomiteen hadde kjøpt på markedet. John vann eit pose med tørka småfisk (som lukta «spesielt»). Eg vann ei krukke med div tørrfisk og krydder lagt ned i olje. Vi har bestemt oss for å alliere oss med Chiyan, kontorfullmektigen, og invitere stanben til oss på lunsj ein dag der vi bruker desse produkta. Og så kjem eg til å laga rikeleg med vaflar til dei som ikkje er «spesielt interesserte».
Det vart ein lang, men spennande dag!