På tredje sundag i openberringstida hadde nok mange av oss hoppa i stolane viss vi ikkje på førehand hadde vore førebudde på at dette kom til å bli ei «eksperimentell» gudsteneste. For oss i vår generasjon ga det ikkje mykje meining då dei sa at det skulle vera Manga-gudsteneste. Det einaste vi visste om Manga, var at det var ei slags teikneserie med androgyne karakterar og sin eigen spesielle stil på teikningane.
Heile det flotte bildet laga av håndmåla porselensfliser i the Conference Hall var dekka av fire store «teikneserie-striper» i bolde fargar. På eit lite bord der det vanlegvis står eit tradisjonelt ikon, sto det no eit Maria-ikon i Manga-stil.
Gudstenesta begynte på vanleg måte med meditativ lesing av ein av Davidssalmane, lystenning og frambering av nattverdelementa. Fram til altaret kom det ei sped amerikansk jente i langbukse og to T-skjorter utanpå kvarandre - den innerste lengre enn den ytterste - som vanleg er no for tida. Vi har opplevd Rune Marie Nielsen, eller berre Nielsen som ho helst vil bli kalla, fleire gonger både som liturg og på preikestolen. Ho er student på LTS og «intern» hjå presten vår John LeMond. Når ho står framfor kyrkjelyden har ho ei myndigheit og ei god liturg-stemme som overraskar ved fyrste høvet.
Ho startar gudstenesta med å forklare for oss uinnvidde kva Manga er, at den androgyne Paulus med blått hår er teikna slik for å understreke at budskapet er for alle uavhengig av rase og kjønn. Landskapet er flatt og «universelt» fordi det gjeld alle stader. Etterkvart forstår vi at det er ho sjølv som har laga desse teikningane. Og det gir meining å vita at ho har studert kunst før ho begynte med teologi på LTS.
Liturgien var innimellom den vi kjenner frå våre vanlege gudstenester, men også hennar eigne ord i i Manga-style. Den grafiske utforminga av liturgiheftet var teikneserieprega. Før preika spratt det opp ein 16-årig dansk fjorårskonfirmant, Emil Ladegaard. Han presenterte sine blyantteikningar som illustrerte Jona-teksten - også i Manga-style - mellom Nielsen sine farga plakatar.Teksten var også skriven i Manga-style - utan at eg kunne seia at den var forringa på nokon måte - snarare tvert om. Same omgang hadde NT-teksten frå 1. Kor. 7.29 -31 fått: «I do want to point out, friends, that time is of the essence. There is no time to waste, so don’t complicate your lives unnecessarily. Keep it simple - in marriage, grief, joy, whatever. Even in ordinary things - your daily routines of shopping, and so on. Deal as sparingly as possible with the things the world thrusts on you. This world as you see it is on its way out.»
Songane ga meining og samanheng med resten av innhaldet og teksten velkjend frå Mark 1.14-20 om Jesus som kallar apostlane.
Denne gudstenesta berørde på ein annan måte enn dei vanlege gudstenestene. Vi fekk nærme oss mysteriet på endå ein ny måte. Ikkje nokon av våre bilder på Gud ER Gud, men dei kan vera med å peike på Gud som Abraham Peterson, ein av lærarane på LTS, skriv i eit «etterord» i liturgiheftet.
Denne gongen var det min tur til å lage dessert etter middagen i Pilgrims Hall. Og kva anna kunne desserten vera etter ei MANGA-gudsteneste enn MANGO-pudding. Den fall i smak!