Noko av dette er jobb-relatert også fordi vi er pålagt å gjera oss kjende slik at vi kan vera guide for gjester som kjem hit. Men dette foregår stort sett i helgene. Dessutan blir det fort KVARDAGAR her og - sjølv om dei aldri blir trivielle.
No merkar vi at sommaren er på hell og at det er eit anna drag i lufta - i alle fall om nettene. Difor kan eg no starte dagen med ein rask tur ned til rundkjøringa, opp att gjennom labyrinten - nokre strekkøvingar og tai chi ved Christ Temple saman med dei andre «Morning People» - og nedatt til ein rask dusj før frokost.
Etter Morning Prayer i Christ Temple saman med dei andre som jobbar her, innstallerer eg meg på mitt vesle hjørnekontor der eg har god oversikt over dei som kjem og går. Når eg ser nokon som vandrar litt planlaust rundt, går eg ut og helsar på dei. Det endar nesten kvar gong i ein interessant samtale der eg får fortelja om historia til TFS og dei fortel kvifor dei kjem opp hit. Dei aller fleste seier at dei gjer turen hit fordi det er så stille og fredfullt her. Historia til staden fasinerer alle, og dei fleste som kjem, kjenner ho ikkje. Til meir vi reiser rundt i Hong Kong, til meir forstår vi kor spesiell denne plassen er. TFS er ei perle!
Dei siste tre vekene har samtaler med folk frå HK oftast dreia inn på situasjonen nede i sentrum. No ser ut til å ha hardna til. Dette har eg ikkje skrive så mykje om, for det har vore fyrstesidestoff også i alle norske aviser forstår eg. Men etterkvart mistar det vel nyheitsinteressa der heime medan vi framleis bekymrar oss for korleis det skal ende. Vi føler oss uansett svært trygge her oppe på fjellet og er lite nede i området der gatene er blokkerte og det er samanstøytar mellom demonstrantar og politi rett som det er. I kveld på nyheitene sa dei at fem representantar frå regjeringa skal møte fem studentar i morgon kveld. Vi får håpe at samtalene blir positive.
Etterkvart har vi også fått stor forståing for kor stor belastning det er for Hong Kong at det strøymer rike folk inn frå fastlands-Kina og overfolkar alle kjøpesentra med sine digre handlekoffertar. Dette ser vi spesielt i helgene sjølvsagt, og her i Shatin er det ekstra merkbart pga lettvinn og kort adkomst inn frå Shenzen. Det er lenge sidan vi oppdaga at vi må unngå å handle laurdag og sundag. Alle kjøpesentra er fullpakka med folk og digre koffertar.
Vi snakkar mykje om at den største utfordringa for Hong Kong neppe er «Occupy Central», men den veksande forskjellen mellom styrtrike og utfattige menneske. I dei mest fasjonable kjøpesentra - der vi sjeldan frekventerer - ser vi det fløymer over av elegante folk med bæreposar frå alle designbutikkane. På veg opp frå Shatin møter vi dei gamle menneska som feier vegen - for ein slikk og ein ingenting - det hender dei spør oss om mat. Vi høyrer at dei som vaskar dei offentlege toaletta ofte søv der fordi dei ikkje har råd til husleia.
Som eg såvidt har nemnt før, så har eg rydda innatt det private biblioteket til Reichelt. No er arbeidet avslutta og eg har handtert ei mengd med spennande litteratur. Det vart svært tydeleg for meg at han ikkje tok lett på å vera misjonær hjå eit multireligiøst folkeferd. Der var store tjukke bøker om alle religionar som er representert her og mykje visdom og filosofi i alle retningar. Det er også take vare på hans eigne dagboknotatar og sjølvsagt alle bøker og hefter han sjølv skreiv. Mykje av det er på kinesisk og heilt utilgjengeleg for meg, men det kunne vera freistande å gøyme seg bort oppe på dette rommet - som ligg i andre etasje med glas i fire retningar - og fordjupe seg i bøkene. Eg kunne fort få desse ti månadene til å gå berre med det.
Men medan eg jobba der oppe, møtte eg alle fire studentane som er tilknytte ISCS (Institute of Sino-Christian Studies) som utvekslingsstudentar - dei skal ta ein doktorgrad. Dei går på forelesningar oppe på LTS men brukar dette som sitt studierom. Tre av dei kjem frå forskjellige universitet inne i Kina og ei er frå Universitetet i Leipzig. To av dei er kristne.
Mange spennande - men krevande tema: «Hegel’s teologi», «Etikken til Martha Nussbaum», «Den teologiske antropologien til St Maximus bekjenneren» og «Kinesisk/kristen teologi og religiøst mangfald». Og dei er svært unge! Ei av dei kjem heilt frå Heilongjiang-provinsen i nord-aust Kina (rett nord for Nord-Korea). Ho har ei 8 år gammal dotter, men har svigerforeldre som bur like ved og kan passe på dottera medan mannen er på jobb.
Dei fleste kinesarane vi møter, har fått eit engelsk namn i tillegg til sitt kinesiske. Det er til stor hjelp for oss som knapt nok greier å uttala dei kinesiske - for ikkje snakke om å hugse dei!!
I tillegg til desse fire studentane har vi også tre kinesiske professorar her. Dei er også knytt til ISCS. To av dei har studert i Tyskland og snakkar litt tysk, men engelsk strevar dei meir med. Vi skal invitere dei ned til oss ein kveld, men er spente på korleis vi skal kommunisere. Kanskje eg endeleg kan få prøvd å praktisere tysken som har ligge brakk i snart 50 år!!
I forrige veke var det ei stor gruppe med amerikanske misjonærar her på ei vekes seminar. Dei budde på Pilgrims Hall og hadde sitt eige opplegg. Men vi kom i snakk med fleire av dei og det var spennande å høyre korleis det var å vera misjonærar inne i Kina. Ein av dei snakka om kor godt det var å vera her. Då slapp han å vente på at politiet kom og banka på døra for å spørja kva han dreiv med! Han hadde kone og ein to år gammal gut og dei skal vera i Kina i fire år. Det einaste han kunne håpe på, var at dei kanskje kunne få samla ei lita husmenigheit i Nord-Kina der han budde. Det var svært få kristne i det området. Beundringsverdig!