Laurdag drog vi med Heidi og Steffen til Lantau att, men denne gongen tok vi svevebanen til Ngong Ping. Berre turen var eit eventyr der vi sveva i ei lita «korg» over tett jungel og djupe kløfter frå nede ved havet til opp i over 500 meters høgde. Mot slutten av den 25 min lange turen såg vi den enorme Buddha-statuen av bronse høgt oppe på ein fjelltopp. For å koma heilt opp måtte vi gå ei trapp med 264 trinn.
Sjølve statuen med podium er 34 m høg og veg 202 tonn! Her er også eit kjempestort buddhist-kloster, men det er etterkvart blitt mest turisme sidan det er så mange både pilgrimmar og vanlege turistar som valfartar opp hit. Det er ein stor, triveleg landsby med masse boder av alle slag. Klosteret driv ein vegetar-restaurant som er kjend for sine billege og mettande rettar.
Herifrå tok vi bussen på ein heller hasardiøs tur ned dei bratte bakkane mot aust ned til havet att - til Mui Wo. Her visste vi at vi kunne ta båt inn att til Hong Kong. Dette er nok ein triveleg landsby med nydeleg sandstrand like ved - som vi ikkje rakk å besøkje. Vi rakk heller ikkje å sjå Silvermine Waterfall, Man Mo Temple eller Butterfly Watchtower. Men vi rakk å eta lammegryte på Bache, ein liten tyrkisk restaurant heilt ute ved ferjeleiet. Den var anbefalt av «Lonely Planet Hong Kong» derfor bestemte vi oss for å eta der. Artig at det var vi som fekk fortelja dei at dei var anbefalt der - og vi kan trygt anbefale dei vidare. Vi hadde det beste måltidet vi har hatt sidan vi kom hit!
Så var det tre kvarter med ferja inn til Hong Kong Island, Star Ferry over til fastlandet og metroen tilbake til Shatin. Endå ein flott dag - men slitne var vi - og min Fitbit viste 20 000 skritt - i 32 graders varme.