| Endeleg var temperaturen nede i 25 grader - passande for ein fjelltur. Vi har lenge sett opp mot den 532 m høge toppen rett opp for TFS. Vi har gått eit stykke oppover trappene - ja, du les rett - det er bygt solide trapper i stein og betong med rekkverk mykje av vegen. Det er faktisk heilt nødvendig i dette bratte lendet med mykje tropisk regn. Ein vanleg stig ville berre bli vaska ut på kort tid. Rundt heile Hong Kong er det bygd ut eit sinnrikt system med stigar og «hiking-trails». Og spør om dei blir brukte! Trappene opp frå TFS var ikkje så veldig travle, men då vi kom opp til MacLehose-trail (ein stig som går heilt frå austkysten til vestkysten) var det ei «folkevandring» i båe retningar. Mange var velutstyrte sportsfolk, men like mange var vanlege turgåarar - og vi var slett ikkje dei eldste på tur denne sundagen. Det var godt å ha med seg ei stor flaske med vatn - og ein Ikea-vaskeklut til å turke sveitten. Ifylgje Endomondo-sportstracker-appen på mobilen min mista vi 2,45 liter med væske på turen. Det trur eg på! Vi var vel nøge med at vi gjorde unna turen på under to timar - og det blir ikkje siste gong vi er på Needle Hill På toppen kom vi i prat med ei gruppe som kom opp frå den andre kanten. Dei ville gjerne ha bilete av oss saman og skreiv opp epostadressa. I dag (måndag) fekk eg faktisk post med kopi av bildet dei tok og vips er vi venner på FB. Vi har etterkvart lært oss at kvar vi går bør vi ha med visittkort, for det er mange som gjerne vil ha kontakt med utlendingar. Det gjer visst ikkje noko for «vanlege folk» at vi er frå Norge. |
1 Comment
Ann Elisabeth
9/22/2014 08:03:35 pm
Denne turen så veldig fristende ut, gleder meg til å teste trappenen når vi kommer ned!
Reply
Leave a Reply. |
Ingrid John
Vi skal i ti månader bu i Hong Kong på Tao Fong Shan der Karl Ludvig Reichelt starta opp sin buddhistmisjon. Vi får vera seniorvolontørar her, utsende av Areopagos Norge. Velkomne til å fylgja bloggen vår. Her er mykje å fortelja om! Archives
May 2015
Categories
All
|