Under Ming- og Qing-dynastia var heile Guangdong-området plaga av pirat-angrep. Hong Kong var spesielt utsett på grunn av lang og kronglete kystlinje, bakkelandskap og øyer, langt frå dei administrative sentra. Punti- og Hakka-folket bygde landsbyar med høge murar rundt for å verne seg. Nokre av desse hadde tilogmed kanoner til å forsvare seg med. Etterkvart har desse murane falle ned og landsbyane er gått tapt. Men endå finns det nokre som er tekne vare på. Ein av desse hakka-landsbyane som er best bevara, ligg nede i dalen ikkje langt frå oss.
På turen dit gikk vi forbi Shatin Town Hall. Det var kvinnedagen, så der var eit stort arrangement. Og då vi svinga forbi biblioteket var det ein stor gjeng med kinesarar i silkepysjar i mange fargar som hadde tai chi-oppvisning. I parken nede ved elva var det - som vanleg - seniordans.
Då vi kom oss over Shing mun-elva og bort til denne landsbyen, kom vi midt oppi ein stor bursdagsfest. Ei sprek dame på 81 år hadde like greitt invitert ei heil busslast med eldre frå heile Hong Kong. Ho hadde fått med seg ein gjeng til å hjelpe til og det vart servert «hotpot» og ris. Ein stor kjele sto på ei varmeplate midt på kvart av dei store runde borda. Eit kor sto oppstilt og sang og underheld med stor innleving.
Vi trudde vi berre skulle snike oss forbi, men dengang ei! Dei flokka seg rundt oss på alle kantar. Og plutseleg dukka det opp ein kar med langt svart sjegg og eit utruleg kostyme. Det var Tsoi San, guden for velstand. Det måtte takast bilder saman med denne guden og saman med eit flott par som viste seg å vera operasangerar. Vi utveksla kort og no ventar vi invitasjon til ein kantonesisk opera. Vi grugleder oss for vi veit at då blir det tre timar med skriking, fakter og geberder som vi ikkje vil forstå noko av. Men det høyrer med å få oppleva det også når ein er på desse kantar og dei har dei mest fantastiske kostymer.
To unge jenter fylgde oss bort til inngangen til hakkalandsbyen og forklarte kor gamal han var og oversette dei kinesiske teikna rundt portalen. Dei kunne sin Konfusius! Innanfor murane møtte vi ein heil landsby av rekkehus langs båe langsidene med ein smal korridor mellom. Nokon såg shabby og ustelte ut medan andre var fint oppussa med flotte nye ståldører og fliselagt fasade. Det var også plass til eit lite tempel innimellom alle husa. Endeveggen hadde ein imponerande, spesiell fasong som vi ikkje har sett andre stader.
Så mykje for berre ein halvtimes avstikkar frå der vi bur. This is Hong Kong for you!