I hagen har vi planta julestjerner og adventslilla lyng. To av trea som står framfor huset med sprekkferdige knuppar - som vi ikkje veit kva skal bli - har fått raude og gullblanke kuler. Og adventsstaken har hatt tre tente lys nokre dagar no. Vi har også fått julebesøk frå Norge. Vesle August på 1½ stabbar rundt i hagen og gjer seg kjend med kvar krik og krok medan jetlaget slepper taket etterkvart for Laila og Asbjørn. Dei skal vera heilt til den 6. januar og det frydar vi oss over.
På LTS var det graduation-seremoni onsdag føremiddag og i går ettermiddag hadde vi vaffel-treff med studentane og ein av professorane vi er blitt kjende med gjennom Institute of Sino Christian Studies. Det vart ei munter kveldsstund, vi takkar for fellesskapet og for alt dei har delt med oss i semesteret som har gått! Dei aller fleste avsluttar opphaldet sitt no før jul og dreg attende til sine universitet inne i China for å avslutte sine doktorgradar/postdoktorstudiar. Etter jul kjem det nye vi skal møte og ha «kulturutveksling» med. Det gler vi oss til, for desse møta har vore svært spennande i semesteret som har gått.
Vi har elles hatt ei travel førjulstid, men travel på ein heilt annan måte enn heime. Vi har hatt ei vekes feirie på Taiwan. (Det blir kanskje eit eige Taiwan-blogginnlegg over jul - NB! Ein ferie kan også bli travel!) Og det er stadig noko som foregår anten «her på berget» eller oppe på LTS. For fyrste gong - for oss - skal vi ikkje fiere julekvelden berre saman med familie. Den velse kyrkjelyden som høyrer til Christ Temple lagar stor festmiddag etter gudstenesta på ettermiddagen. Vi skal steike ribbe og poteter til eit buffet-måltid for over 50 menneske! Men fyrst skal det vera julelunsj på japansk restaurant for heile staben på TFS. For ei veke sidan førebudde vi eit større komitemøte som blir halde kvartalsvis heime hjå oss med påfylgjande lunsj.
Det blir så mange ballar i lufta på ein gong at ein etterkvart må kapitulere og innsjå at det faktisk er ein grunn til at ein er pensjonist. Ein treng meir kvile og aleinetid for å ta seg innatt. Difor blir morgonmeditasjonen, tidebønene på TFS og Chapel-halvtimen på LTS oaser der ein kan vera stille og berre VERA.
Julebodskapen treng ikkje snø og mørketid for å gjelde. Jesus kom ikkje berre for oss der nord som trengte eit lys i mørketida. Han kom også for dei som har sol og varme heile året rundt. Og vi innser at vi treng han meir enn nokonsinne overalt på jorda. Politisk strid, svelt, naud og krig finn vi i mange fasongar i alle land og riker.
«For to us a child is born,
to us a son is given,
and the government will be on his shoulders.
And he will be called Wonderful Counselor, Mighty God,
Everlasting Father, Prince of Peace.
Of the greatness of his government and peace
there will be no end.»
I trygg visse om dette ynskjer vi alle blogglesarar, slekt og venner
ei god jul og alt godt i det nye året!
Ingrid og John