Vi skriv den 22. januar og har vore her akkurat i fem månader - halvparten av dei 10 månadene vi har kontrakt om. Det har gått veldig fort, men det er også «eit hav av tid» sidan vi pakka koffertane og reiste frå Rogne.
Vi har feira jul her - ei jul som sto i fellesskapets teikn - ikkje berre fellesskap med den næraste familien, her var alle kolleger og heile kyrkjelyden inkludert i fellesskapet. Ribba var steikt dagen i førevegen, potetene og eplesausen sto til oppvarming. Det vart ei virkeleg festgudsteneste med masse sang og lesing av dei velkjende juletekstane både frå NT og GT. Då vi song «Silent night», kom den gode julestemningen som ikkje er avhengig av nokon ytre ting. Og då vi alle toga inn i Pilgrims Hall og sette oss rundt borda med papirdukar og papptallerkenar, kunne det ikkje vore høgare stemning om det hadde vore damask og krystall. Alle hadde med seg eit bidrag til julebordet. Og då vi var ferdige med å eta, var det mat att til mange fleire. Og vi som trudde vi hadde altfor lite. Det kunne minne om eit anna måltid for lenge sidan - -
Etterpå vart det miming av julesangar, oppakking av julegaver med spisepinnar - eller kniv og gaffel, ei japansk sangerinne som elskar Grieg, song «Du grønne, glitrende tre god dag» - på norsk!!, Jeff, «our spiritual leader» m/familie song «Felice Navidad». Ja, vi fekk tilogmed besøk av ein ekte (?) tryllekunstnar, the oneandonly monsieur Lemondo (for uinnvidde så er det presten vår!) som trylla eit A4-ark til ingenting (nesten!).
Vi hadde mange danske gjester, så det vart gang rundt juletreet til «Et barn er født i Betlehem» - avslutta med ei lang, lang rekke som sprang i kryss og krok rundt treet - og alle borda mens vi song: »Nå er det jul igjen, nå er det jul igjen, og jula varer helt til påske - «. Vi undrast kva våre kinesiske venner tenkte om denne underlege tradisjonen, men alle såg ut til å vera svært fornøygde med feiringa.
Juledagen var det tid for vår «private» julefeiring. Under den vesle grøne planta vår, som fekk tene som juletre, var det svært få pakker. Vi sakna ikkje den enorme pakkehaugen vi er vane med heimanfrå. Vi gikk tur i regnveret, til stor glede for August, og resten av jule- og nyttårshelga gikk som ein vind med sightseeing saman med gjestene våre. «Juletreet» som hadde fått stå inne ei vekes tid, trudde våren var komen og sto full av kvite blomar då vi tok av julepynten og sette det ut på terrassen att. Og vi var uendeleg takksame for å ha fått denne tida saman med dette vesle underet av eit barnebarn og foreldra hans. Det seier også noko om svigersonen vår som orka å leva så tett på svigerforeldra (svigermor!) i tre veker! Takk Asbjørn!
Sume gonger når eg blir litt trøytt på å måtte vera den som tek initiativ og «det å måtte finne opp min eigen jobb», kjem det for meg alle enkeltmøte med kolleger, studentar, scholars og andre. I dag før andakten oppe på LTS kom ein av John sine studentar bort til oss. Han tok eit godt tak rundt skuldrane til John og med eit strålande smil sa han: «I love him, you know!» Det er ingen tvil om at engelskundervisninga hans hjelper mange gjennom vanskelege studiar og store utfordringar med eit språk som kanskje er deira tredje eller fjerde språk - og ofte eit for dei nytt alfabet! Og John trivs med å vera attende ved katateret der han no etterkvart underviser i over halv stilling!
Det er mange studentar som kjem frå Myanmar (Burma). Dei får stadig meldingar frå slekt og vener om grusomme overgrep og hendingar i heimlandet. Dette er eit av konfliktområda som ikkje får så mykje plass i internasjonale media lenger. Eg kan berre vera eit lyttande medmenneske og håpe at dei i alle fall finn ei lita trøyst i det.
Forrige veke fekk vi vennebesøk frå Norge. Det kom inga stor gruppe, som vi håpa på då vi reiste, men Anita Dalehavn og Anne Marthe Hesjadalen hadde sett av ei veke i Januar til å besøke oss. Det vart ei flott veke der vi fekk vise dei den nye «byen vår». Vi var på fottur ute på ei øy, tok verdens lengste rulletrapp, tok sporvogna opp på The Peak, kabelbane opp til The Great Buddha, var på guqin-konsert, nattverdgudsteneste kl sju på morgonen, ja, vi var tilogmed oppe i 113. etasje på ICC-building etter å ha take drosje opp i niende!! Vi hadde laga eit så tettpakka program at vi var redde dei måtte ha ei ekstra vekes ferie då dei kom heim. Men du verden så triveleg! Hjartans takk Anita og Anne Marthe!
Elles syslar eg med å laga eit hefte med tekstar på både kinesisk og engelsk til bruk for ei pilgrimsvandring rundt her på Tao Fong Shan. Det einaste eg manglar er midlar til å få ein skikkeleg lay out og trykking. Kanskje nokon som les bloggen har lyst til å bidra - - - - .
Nye Scholars og studentar kjem til Institute of Christian Science. Nye møte, nye skjebner, nye opplevingar saman med nye menneske. Korleis blir det å koma attende til Valdres der dei einaste vi møter er dei vi alltid har møtt gjennom så mange år på same plassen. Men det er fåe av dei vi har snakka så mykje og så djupt med som mange av dei vi møter her. Tenk om dette kunne bli annleis? Det er lov å drøyme! Godt nytt år!