Onsdag hadde vi invitert studentar på LTS til Norwegian Evening heime hjå oss. Eg viste lysbilder og fortalte frå Norge. Og medan eg sette fram vaflane eg hadde steikt, sette eg dei til å intervjue kvarandre to og to om kva dei heitte, kvar dei var frå og kva dei likte å gjera i fritida, for seinare å skulle presentere kvarandre. Dei treng alle - i varierande grad - å trene på engelsken sin og det vart ei munter runde! «Patt» frå Thailand kunne knapt gjera seg forstått, men gjorde eit nummer ut av det og fortalte m.a. at han hadde ein son og tre koner osv.
Dei kosa seg veldig med vaflane, særleg utvekslingsstudent, Arnstein frå Gol, som fekk skikkeleg heimlengsel - både med vaflane og med lysbildene! Vi var ein skikkeleg internasjonal gjeng med to frå Laos, to frå Indonesia, ein frå Thailand, tre frå Myanmar, ei frå Hong Kong, to frå Danmark (Heidi og Steffen) og tre frå Norge. Fleire hadde små barn heime og var borte frå dei frå eit halvt til tre år om gongen fordi det var for dyrt å reise heim. Men dei var dedikert til studiane og hadde støtte heimanfrå til å fullføre. Beundringsverdig!
Til slutt las eg om Soria Moria slott frå Asbjørnsen og Moe. Ein triveleg kveld på jobb!