Direktøren i Areopagos, Raag Rolfsen, har vore her både på styremøte PÅ TFS, middag hjå oss og som gjesteprofessor på Divinity School of Chung Chi College ved universitetet i Hong Kong. Her held han ein interessant forelesning fyrst og fremst for studentane, men vi var også andre frammøtte. Temaet var «Postliberal Society. Can Religion Supply a Foundation for a Society beyond Weightless Freedom and Consanguinity». Han brukte det som hender i HK akkurat no som bakteppe for forelesninga. Interessant. Opponenten, Dr Kung Lap Yan som er professor på dette fakultetet var respondent og poengterte at HK ikkje hadde vore gjennom nokor liberal periode og difor neppe kunne kallast postliberal. John blanda seg også inn i samtalen og Raag svara så godt han kunne i den korte tilmålte tida han hadde fått.
Etterpå vart vi invitert på ein rundtur på universitetsområdet saman med Timothy som sjølv studerer ved fakultetet og som har ein fot innom TFS som lokal volontør på Ascension House. Vi åt middag på studentkantina og tok buss og diverse heisar inne på området som var lagt til ein bratt skråning. Vi enda opp på det høgaste punktet der vi fann United College. Der var det ein flott iskrembar med fantastisk utsikt utover dalen. Universitetet har ca 25 000 studentar og dei aller fleste bur på studentheimar inne på området. Her er også to enorme bibliotek, det eine med alle slag audiovisuelle hjelpemiddel. Her kan du låne ein film og slappe av i liggestolar viss du treng avveksling frå studiane.
Eg er glad vi har fylgje, for eg veit ikkje om eg hadde funne ut kvar vi skulle ta heis eller gå tropper eller hoppe på bussen som gikk non stop rundt på området for å koma dit vi skulle.