For det begynte på 67-årsdagen min i januar. Vi var invitert til jobbintervju på kontoret til Areopagos i Oslo. Spørsmålet var om vi kunne tenkja oss å vera seniorvolontørar på Tao Fong Shan i Hong Kong i 10 månader med start i august 2014.
TFS er ein av dei viktigaste turistattraksjonane her med bygningar som er klassifisert som Grade 2 Historic Buildings. TFS betyr «The Mountain of the Christ Wind» (Tao betyr «veien» som filosofisk begrep) og er bygd opp av tidlegare Nordisk Buddhist-misjon, no Arepagos, men er etterkvart overtake av kinesarane som eig og driv det som ein stiftelse. For spesielt interesserte - gå inn på heimesidene med adresser til høgre her i bloggen!
Vi fekk betenkningstid, men straks vi var komne ut på gata etter møtet, såg vi på kvarandre og sa at dette kan vi ikkje seia nei til, då ville vi angre resten av livet. Eg hadde også vore ein kort tur på staden i 2011 då alle som var med i styrer og råd i Areopagos fekk påspandert tur hit for å oppleva staden. Sjølv om A formelt ikkje eig senteret lenger så er kontakten framleis tett mellom Norge/Danmark og Hong Kong.
Ikkje visste eg den gongen at eg skulle koma attende hit for å bu, sjølv om det vart spøkt litt med det sidan eg då straks skulle bli pensjonist.
Men her er vi etter ei hektisk oppløpstid heime for å førebu hus og heim på å stå tomt over ein heil vinter! Vi har gode naboar på alle kantar og har installert alarm og hyra vaktmester så vi føler ganske trygge på at alt er i gode hender der heime.
Og så har vi sagt farvel til barn og barnebarn, slekt og venner i håp om at nokon av dei kan koma til å besøke oss. Om det er fleire som kunne tenkja seg ein tur til Hong Kong, så ta kontakt med vår «nye» sokneprest eller mannen hennar, så kanskje det blir ein fellestur utpå nyåret. Det hadde i alle fall vi sett veldig pris på!
Så her er vi i tropevarme i dobbelt forstand! Temperaturen vil nødig koma under 30 grader - i alle fall om dagen - og alle vi møter, tek imot oss med opne armar og hjartevarme som er ganske overveldande. Desse fyrste to vekene har vore temmeleg hektiske med møter, selskap og utflukter og 1000 ting å gjera seg kjent med og finne ut av. Berre det å få handla inn mat er litt av ein ekspedisjon med 4 - 5 store kjøpesenter berre i Shatin, ein av dei 18 distrikta av Hong Kong - og definitivt av dei mest folkerike med sine 630 000 innbyggerar. Undergrunnsbanen her fungerer svært godt - og er veldig billeg! Vi skal heller ikkje mangle turmulegheiter med utallege hike-trips berre i Hong Kong-området. Needle Hill ligg rett opp for TFS og blir nok vår trim-tur nr 1 berre det blir litt kjølegare i veret.
Vi kan skryte av at vi har enebolig i Hong Kong og det er det slett ikkje mange forunt. Laurdag var vi invitert i bursdag til ein av professorane på Lutheran Theological Seminary (LTS) som er næraste nabo og samarbeidspartner her på fjellet. Dei leier ei lita leilegheit nede ved foten av fjellet som dei betaler den nette sum av 28 000 HK$ (21 000 NOK) i månaden for - og den er subsidiert!
Vi har også ganske stor hage. Så langt har vi greidd å kjenne att ei julestjerne og ei juleglede - ganske så mykje større enn dei vi har i potter heime. Elles vil det vel vise seg etterkvart kva det andre er. Det veks i alle fall villig!
Og så har vi leiebuarar på loftet! Der bur det to store gekkoar (30 - 40 cm) som gir lyd frå seg til alle døgnets tider - quite scary den fyrste gongen då vi ikkje skjønte kva det var. Men vi ynskjer dei velkomne for dei forsyner seg av insekta på terassen vår og det set vi stor pris på. Eit hakk skumlare er alle apekattane i området. Dei formeirar seg i stor fart og er blitt eit veksande problem i Hong Kong. Dei kan bli svær nærgåande og sume gonger går dei laus på folk. Eg møtte på to gamle apegubbar som tydelegvis ville lære meg ei lekse. ein hoppa opp på rekkverket til stigen eg gikk på og den andre opp i skråningen midt imot. Båe freste mot meg før dei forsvant inn i skogen. Eg fekk gåsehud sjølv kor varmt det var og gruar meg til neste møte! Det er også masse slangar, ville grisar og hundar rundt i området, men dei har vi enno ikkje sett.
Men vi let oss ikkje skræme så lett. Til det er det altfor spennande å vera her.