Det er ei tryggheit i rutiner. Å koma på ein ny plass fordrar nye rutiner.
I staden for å sjå ut glaset om det framleis ruslar elgar rundt husnovene, ser eg no etter om det heng apekattar i tretoppane, eller om gekkoen har gjort frå seg på terrassen så eg må sope før eg set meg til med frokosten.
I staden for å legge ut skinn og pledd på frokostplassen, ser eg etter om det er under 25 grader før eg tek med meg grautetallerkenen og tekoppen ut om morgonen.
I staden for å setja oss i bilen for å gjera unna ei vekes handel, går vi ned bakkane til «Park’n shop» og fyller ryggsekkane og eit par bærenett med det vi orkar å bera med oss. (Vi tek oftast drosje oppatt, til ca 25 kr!!) Vi endar oftast opp med å måtte handle minst tre gonger i veka, for i tillegg til oss sjølve, skal vi også rekne med gjester som droppar innom. Drikke er tungt å bera, og det trengs i stort monn i denne temperaturen.
Tidebønnene er blitt nye rutiner.
08.45 Morning Prayer - på kantonesisk (engelsk oversetjing i heftet) saman med heile staben
13.10 Midday Prayer - på engelsk
17.00 Evening Prayer - på engelsk
Dei to siste går på omgang mellom oss frivillige og Eugenia som jobbar på TFS Cristian Center. Det er laga ein enkel liturgi (og Taize-songar) som er enkel å fylgja.
Lunsjen et vi som regel hjå oss sjølve, viss vi ikkje blir med kolleger ned i Shatin og kjøper Dim-sum. Det er utruleg billeg å gå ut og eta her - også for dei som er herfrå. Som regel har dei så små hus og ditto kjøkken at dei må gå ut viss dei vil samle storfamilien til eit måltid.
Middag ca kl seks og ettermiddagskaffe saman med «dagsrevyen» er som heime - berre ein halvtime seinare. Bortsett frå nyheitene er det ikkje mykje interessant på TV. Vi kosar oss med «Nytt på nytt», «Lindmo» og «20 spørsmål» på Nett-TV viss vi treng underhalding.
Sundagsgudstenestene her er kl 17.30 med påfylgjande felles middag for dei som har anledning. Der deltek eg som medliturg, med tekstlesing, utdeling av nattverden - og/eller lagar dessert til middagen, med andre ord, skikkeleg diakonale oppgaver.
Alt som skal skje innimellom desse faste postane er relativt forutsigbart for John som kunne bruke alle dagane saman med studentane oppe på LTS viss han ville. Dei treng masse språkhjelp. Men han får oppgaver frå avdelingane her på TFS også med språkvask av artiklar og skriv som skal sendast ut. Forstår ikkje heilt kva dei gjorde før han kom.
Mine oppgaver er mykje meir «flytande». Så langt har vi planlagt fire litt større arrangement for utanlands-studentane på LTS. Her er vi heldigvis ein komite, men mykje fell på meg/oss både med matlaging og underhalding/opplegg. Eg skal lede eit «Silent Retreat» for staben og evt seinare for studentar på LTS i tillegg til Walking Meditation med LTS-studentar i november.
I Christ Temple (kyrkja her) er det ei meditasjon/nattverdgudsteneste kvar fredag morgon kl. 07.00. Der skal eg introdusere sittestillingar for deltakarane sidan alle sit i meditasjonsstilling på puter på golvet gjennom heile gudstenesta. Det viser seg at det ikkje er introdusert skikkeleg korleis dei skal sitja for å kunne sitja stille lenge.
Eg ser fram til å bli meir kjend med studentane og dei som deltek i doktorprogram og retreat. Språket er nok ein barriere, men dei fleste er svært interesserte i å bli kjende med oss utlendingar og dei fleste kan gjera seg forstått på engelsk.
Akkurat no har eg også begynt på ei viktig oppgave. Heile boksamlinga etter Karl Ludvig Reichelt har vore oversendt til eit hovudbibliotek for å bli scanna inn og på den måten bli bevara for ettertida. No er bøkene komne attende og eg skal setja dei innatt i bokskåpa. No er eg på jakt etter kvite hanskar!
I påvente av meir handfast jobbing, syrgjer eg for at det er friske blomster i Pilgrims Hall og andre stader der det er ynskjeleg. Det er masse å ta av på området, viss det ikkje heng for høgt eller er for langt ute i villnisset.