Fint å merke at kroppen fungerer etter to vekers inaktivitet pga ein halstarrig bronkitt. Her kan eg tilogmed jogge utan at hofter og kne protesterer. Sveitten silar sjølv om klokka er berre seks på morgonen. Det er alt blitt så varmt at dette er den einaste tida på dagen det er tilrådeleg å bedrive fysiske utskeiingar. Sola er alt oppe og apekattane kosar seg i skråningane langs løypa mi. Det blir nokre bilder i dag og, for dei er utruleg søte der dei sit og tittar frekt på meg. Dei går ikkje av vegen, det er eg som må gjera ein sving!
På "trimplassen" møter eg dei same to gamle kallane - dei er vel på min alder - som eg møter kvar morgon. Dei smiler og set tommelen opp. Så peikar dei vidare oppover stigen og meiner tydelegvis at eg må koma meg heilt opp på Needle Hill i dag. Eg ristar på hovudet og peiker på klokka. Dei snakkar til meg som om eg skulle forstå det dei seier. Og det er utruleg kor mykje ein kan kommunisere berre med fakter og smil! Ein av dei set i å hoie og det svarar lengre borte i lia. Meir smil og latter. Dei har tydlegevis ein kompis som joggar opp ein annan veg. Eg joggar litt lengre før eg snur og tek litt tid på "trimplassen" for å tøye ut.
Her er det nokon som har hengt opp ei solid huske, eit stålrør mellom to trestammer i passande avstand, solide trestammer er barka og lagt opp som trimapparat. Det står heimelaga sopelimar ferdige til bruk for dei som kjem hit etterat det har samla seg mykje blad og rusk og rask på den hardstampa jordbotnen.
Her får eg litt styrketrening til akkompagnement av kinesisk musikk frå ein liten transistorradio som er hengt opp i eit tre. Den eine av mennene eg treffer kvar morgon, har ein liten kjøkkenhage her. No er det våronn og han likar musikk til arbeidet. Mange av dei eldre som går turar her, har gjerne med seg ein radio som durar og går. Det undrar meg, for ein skulle tru at alt bråket elles i kvardagen gir dei trong til å ha det stille når dei kan. Her oppe i åsen er ikkje drønnet frå storbyen så merkbart sjølv om det ligg der som ein jamn dur. Dei som bur her, merkar det kanskje ikkje, men eg må bevisst velja det bort for å prøve å overhøyre det. Dei yngre har oftast øyretelefonar slik at dei ikkje forstyrrar andre med musikken sin.
På tur nedover dei bratte troppene att, kjenner eg korleis tungsinnet som sume gonger trugar med å få overtaket når eg får for lite søvn, slepper taket og endorfina gjer jobben i kroppen min. Eg gler meg over møtet med desse to "gamle vennene" mine og eg gler meg over at kroppen har tolt ein slik tøff tur endå ein gong. Eg veit det vil ikkje vare i all framtid, men enn så lenge - - - TAKK!