Det har gått opp for oss at no har vi berre sju veker att av opphaldet på Tao Fong Shan. Kvar har det blitt av denne tida? Kva har vi fylt tida med? Kva vil vi hugse - og kva vil vi sakne når vi reiser herfrå?
Det står med eitt heilt klart for meg kva eg vil sakne! Christ Temple Congregation, Friday Morning Eucarist og presten vår, John LeMond. Han reiser også nå - heim til Florida etter 24 år som misjonær her. Før det var han ni år på Taiwan.
Kyrkjelyden og gudstenestene i CT er unike. Eigne liturgiar for alle tidene i kyrkjeåret. Gudstenester kvar sundag kl 17.30. Etter gudstenesta samlast dei fleste av oss til middag i Pilgrims Hall der nye blir ynskt velkomne og dei som reiser får med seg sangen "Ubi Caritas et Amour, Deus ibi est." (Der det er godleik og kjærleik, der er Gud) Vi har nettopp feira påske med langfredagsvandring og nattverd ved det store korset og påskemorgongudsteneste med nattverd i solrenninga ved det same korset i solrenninga klokka 05.30.
Her er alle velkomne, ingen spør om du har den rette forståinga av dogmatikken, "her kan tilogmed ein muslim få nattverd viss han kjem fram," som ein formulerte det som er kritisk til konseptet. Rett nok er det ikkje så mange av dei, men likevel - - - "Det er berre Gud som kjenner hjarto".
"All are welcomed,
All are honored, and
All are loved in Your name"
Dette seier vi i liturgien. Og før nattverden no i tida etter påske går vi rundt i heile kyrkjerommet og helsar på kvarandre med orda "Christ is risen", "Christ is risen, indeed!" Det er store ord for ein valdris, men det hjelper å seia det på engelsk.
Det eg kanskje kjem til å sakne aller mest er TFS Eucarist kvar fredag morgon kl sju. Dei fleste sit på puter på golvet. Enkel liturgi, Taizé-songar, heimebaka nattverdbrød, 20 minutt meditasjon etter tekstlesinga.
"For God alone my soul waits in silence, my hope is in the Lord."
Ofringa før nattverden er også spesiell.
" We offer this bread, (heimebaka, grovt brød) - our work, and the work of all people.
We offer this wine, (Vinen blir tømt opp i ei skål) - our celebration, but also our pains in the crushing of the grapes.
We offer this water (vatnet blir tømt opp i vinen) - poured out for all who thirst: the water of life without beginning or end.
We offer these flowers (åtte blomstrar frå overfloda vi har rundt oss alle stader her blir lagt rundt brødet og vinen) - symbols of God's glory in creation; eight reminds us of the constant renewals of all things.
We offer this incense (tre røykelsespinnar blir tende og sett opp i ei skål med sand) - the prayers of all people and the longing of all creation.
We pray together: Holy God, all that we have and are comes from your hands, in thanksgiving we offer these gifts as signs of your gracious love for us. Amen"
Så går brødet og vinen frå hand til hand der vi sit på puter på golvet, medan vi seier til kvarandre "the body of Christ, given for you, the blood of Christ shed for you."
Og det som alltid gjer størst inntrykk på meg, er når vi som avslutning deler "the mystery of Grace":
"I have held you, Lord
In the hollow of my hand,And placed you in my mouth,
You whom the whole universe can not contain.
The mystery of this sacrament
Fills me with wonder and devotion."
Etter denne gudstenesta går dei fleste av oss til Pilgrims Hall og et frokost saman. Viss ikkje noko anna kjem i vegen, blir John og eg med John LeMond til kontoret hans etter frokosten der vi har ein times samtale. Her deler vi alt av sorger og gleder. John snakkar om den prosessen det er å forlate denne staden etter så mange år. Vi tek opp aktuelle utfordringar vi har i kvardagen her - eller vi får del i dei utallege opplevingar og erfaringar J L har frå tida si her i Austen. Og så ler vi masse! Han har ein fantastisk sans for humor! Denne fredags morgonen er gull verd og er det eg kjem til å sakne aller mest frå tida her nede!