Fredag var vi i gravferd etter den yngste sonen til ei av våre kolleger. Han vart drept i ei bilulykke den 1. oktober.
Alt var på kinesisk, men i heftet vi fekk ved inngangen hadde dei lagt inn eit ark med minneord om han på engelsk. Her foregår ikkje gravferda frå kyrkja. Dei har store hallar delt inn i fleire rom. Inngangen er alltid open, så ein kan høyre frå naboromma og det er oftast fleire gravferder parallelt. Denne gongen var det ei taoist-gravferd i naborommet med masse tromming og «shanting», men vi vart meir forstyrra av viftene i taket enn av andre lydar.
Ved inngangen sto det fleire og tok imot oss. Vi la konvolutten med vår pengegave frå oss der. Det skulle gå til stipend for elevar ved den vidaregåande skulen der Avery hadde gått. Vi fekk også kvar vår konvolutt der det var eit kort, ein 1$HK-mynt, eit papirlommetørkle og eit innpakka sukkertøy. Vi vart kviskra i øyra av ei av kollegene våre at dette kortet kunne brukast til å skrive ei helsing til familien og levere ved utgangen.
Vi vart vist inn i grupper etter kvart som vi kom. Ein mann sto ved talarstolen og styrte det heile. Vi gikk fram mot fontveggen der det var montert eit stort bilde av Avery over eit stort kors med masse blomster og tende lys rundt. Der vart vi ståande ei lita stund før vi vende oss mot venstre der familien sat og bukka for dei. Vi handhelste på mannen til Eugenia og fekk gitt henne ein god klem før vi så vart vist til plassane våre. Det kom masse folk, så mange ekstra stolar vart sett inn.
Då alle var på plass, gikk alle i nærmaste familie inn bak fontveggen. Då dei kom attende vart kista trilla inn føre dei. Lokket var ope, med det var ei plexiglasplate som dekka opningen.
Det vart sunge fleire sangar (salmar), bror til Avery hadde minnetale og presten held tale. Og etterat kyrkjekoret (frå den kyrkja Eugenia og familien tilhøyrer) hadde sunge, gikk dei ut for å gi plass til fleire ungdommar som kom, truleg venner av Avery. Då presten hadde lyst velsigninga vart det gjort miner til at prosesjonen rundt kista skulle begynne. Alle fekk då gå tett forbi kista og ta eit siste farvel med Avery. Heile arrangementet vart dekka både av videotaping og fleire fotografar som gikk rundt og tok bilder.
Det var framandt for oss å gjera det på den måten, men vi er svært takksame overfor Eugenia og familien som inviterte oss slik at vi fekk vera med dei på denne vonde, men viktige dagen i livet deira. Sjølv om vi ikkje forsto noko av det som vart sagt, var det ei god atmosfære over seremonien og det var ingen tvil om at dette var ei kristen gravferd.
Eugenia er alt tilbake på jobb og er fast bestemt på å finne att kvardagane sine, men det er klart det er tøft. Heldigvis har dei eit lite barnebarn, dotter til den eldste sonen deira, og ho kjem nok til å hjelpe dei framover.