Heile boksamlinga etter Reichelt har vore sendt over til eit bibliotek for å bli scanna inn. For eit halvt år sidan kom dei tilbake hit, sirleg innpakka i nummererte kartongar. Nokre av dei skjøraste heftene og bøkene er lagt inn i eigne konvoluttar. Dette har eg fått i oppgave å setja innatt i bokskåp med glasdører som kan låsast.
Utfordringa er at det ikkje er nokon som kan fortelja meg kvar eg skal begynne - er det i øverste hylle til venstre, eller til høgre - eller nederst til venstre - - -. Spørsmålet er vidaresendt til Ruth og Karl Thelle, for er det nokon som kan vita det, så er det dei. Eg har fått tilgang til ei bunke med papir. Det er eit ark pr bok i samlinga, med forfattar og andre detaljer pluss eit kort resyme av boka. Har ho lese alle saman??
Her ligg det Tao Fong Shan magasin tilbake til 1935! På framsida står innhaldsliste på engelsk - mange artiklar det kunne vera spennande å lesa - men inni er alt på kinesisk dessverre.
Her gøymer det seg mykje historie heilt frå dei fyrste dagane på dette fjellet. Det er også biletmateriale som viser at svært lite er endra på desse nesten 80 åra.
Det skal bli fint å få alle bøkene innatt i skåpa, tilgjengeleg for dei som studerer her - og oss andre.