Apekattane har eg nemnt før og dei kan vera svært uskikkelege. Men eg greier ikkje å vera langsint på dei. Fleire gonger møter vi heile flokken som er på fellesutflukt. Det er fasinerande å sjå korleis dei slenger seg frå grein til grein, balanserer på telefonledningar, sloss og lyskar kvarandre.
Det er utruleg mykje slangar her til å vera byområde. Eg har sett fleire «ratsnakes» og for nokre dagar sidan kom vi over ein Rednecked Keelback som er temmeleg giftig. Men så lenge du ikkje kjem for nær dei, rømmer dei unna.
Ein fin hund har slått seg ned på terrassen hjå oss. Her ligg han om nettene og når vi er borte om dagane. Men han held seg på betryggande avstand. Han er nok eit døme på korleis folk berre slepper laus kjæledyre sine når det ikkje passar dei å ha dei lenger.
Mange fine, brandute kattar spring også rundt her. Det er freistande å mate dei slik at dei held seg rundt huset og jagar vekk mindre trivelege smådyr.
Vi trudde lenge at vi hadde berre ein gekko i taket vårt, men det ser ut til å vera ein heil familie. Vi er etterkvart blitt vane med den skarpe kvekkinga deira - til alle døgnets tider!