I går var vi samla 7000 menneske inne i Hong Kong Coliseum. Då feira den Evangelisk/Lutherske Kyrkja i Hong Kong sitt 60-årsjubileum. Vi fekk billettar av LTS og fekk sitja på sentrale plassar med øyretelefonar og simultantolking. Liturgiheftene var oversett til engelsk og låg på plassane våre. Etterpå vart vi tilogmed hanka inn til å bli med på fotografering saman med biskopen og alle dei andre notabilitetane som var tilstades!
Gudstenesta var ei langdryg affære på over tre timar, men for eit storarta arrangement! Eit kor på fleire hundre songarar og stort strykeorkester, dramagruppe som deltok både som englar i prosesjonane, under evangelielesinga og i eit kort dramatiseringstablå, «metervis» med prestar, lang preike av biskopen, full liturgi og nattverd! Det siste vart distribuert som små plastbeger med vin, brødet låg under eit ekstralag av plast på toppen. Dette vart sendt rundt i korger og alle 7000 opna begera og tok imot nattverden samtidig!