Det var utruleg fint å koma att til gode venner og kjende stader - og likevel så heilt annleis sidan mi rolle er ei anna no og vi har flytta ned frå fjellet og inn i ei kjellarleilegheit på 57 kvadratmeter. Her har vi ikkje mindre enn fem motorvegar i forskjellig høgde, ei toglinje og metroen som næraste naboar, rett nok med eit villniss imellom og høge tre. Vi har ingen hage og plassen utfor døra er domenet til to digre vakthundar. Likevel gir det god meining og solidaritetskjensle med vennene våre her frå byen - sjølv om dei har endå færre kvadratmeter å rutte med. Ved hjelp av stor velvilje frå Areopagos og IKEA i nabolaget har vi fått gjort underverk med leilegheita. I ei stove på 18 kvadratmeter har vi fått til både salong, spisestue til seks og kontorplass for to utan å overmøblere. Hovudfarga i huset er “giftgrønt” - nok som høyrest forferdeleg ut, men som fungerer godt i ei leilegheit der lyset må stå på heile dagen for å vita at det er dag!
John er også i år engelsklærar for master- og doktorgradsstudentar på LTS (Lutheran Theological Seminary) og skal oversetja ei bok ved sida av. Eg er det eg kallar free lance voluntør og kjem til å vera her 8 veker om gongen fordelt på no i haust, etter jul og etter påske. Det er langt å reise, men eg syns dert er greitt å ha meir tid heime, både for å feire jul, for å få med meg ein del av skisesongen og for å få meir tid til å sjå barn og barnebarn.
Etter ein dårleg norsk sommar nyt vi å få med oss litt av badesesongen her, sjølv om hongkongerane syns det er for kaldt å bade når det er under 27 grader i vatnet! Onsdag var det fridag og tid for å vise respekt for forfedrane her i HK. Vi nytta dagen til å reise ut på Sharp Island, ei av dei mange øyene HK består av. Vi hadde eit par timars ganske strabasiøs gange på ein overgrodd stig over øya før vi kunne kaste oss i sjøen og kose oss på ei fin sandstrand i ei fin bukt. Vi var ikkje åleine der heller - vanskeleg å få det til her! Vi hadde stor underhalding av å bivåne ei improvisert missekonkurranse for ei stor gruppe av filipinske hushjelper som også hadde funne vegen hit. Det vart masse skrål og latter. Det unte vi dei verkelg! Det går mange triste historier om kor utnytta og underbetalt denne gruppa er og kor ofte dei er utsett for grove overgrep. No hadde dei fridag og flott fellesskap i kvarandre.
I går fekk vi god vegetarmiddag hjå ein amerikansk kollega av John - og nabo - før vi alle rusla ned til Sha Tin Town Hall ca 10 min gange frå oss for å bivåne ei strålande danseforestilling av Georgian National Dance Company i samband med Worl Culture Festival 2015 som pågår her no ein månads tid. Neste veke skal vi på konsert med Angelique Kidjo - ein storfavoritt frå Kongotida - og veka deretter er det musikkgruppa The Chieftains frå Irland sin tur. Fantastisk å ha langtidsopphald her i varmen og vita at vi skal feire Valdresjul med barn og barnebarn når den tida kjem - det beste av to verdenar!